Velkommen

Bondal er ei fjellgrend i Tuddal i Aust-Telemark. Grenda ligg lengst nord i Hjartdal kommune, mellom Gaustafjella og vide skog- og fjellområde mot Møsvatn og Hardangervidda.
Grenda grensar til landskapsvernområdet Brattefjell-Vindeggen, og heile Bondal har så særprega landskap og velhalden bygningsarv, at grenda har blitt del av eit kulturlandskapsprosjekt av nasjonal og internasjonal interesse.

Kva er Bondal bygdetun?

På Suigard i Nord-Bondal har Øystein H.Bondal (1921-2014) bygd opp ei eineståande samling av ting som er bruka på fjellgarden gjennom mange generasjonar. 1999 fekk han mura opp eit eige bygg til gardsmuseum, både for å sikre og gjere tilgjengeleg denne samlinga.

m_bygg3

Bondal bygdetun er dermed ikkje eit bygdetun i vanleg forstand, med gamle hus samla på ein ny plass. Her har vi derimot eit heilskapleg tradisjonelt tun i dagleg bruk, med bustadhus og mange bygningar som høyrer til på ein gammal fjellgard.
For publikum har ein først og fremst sjølve musèumsbygget som er plassert i gangavstand frå gardstunet.

Det som elles særmerker anlegget er at det i stor grad er kvardagslivet som er dokumentert. Vi finn ikkje dei store klenodiene i norsk bygdekultur, derimot tusenvis av små og store gjenstandar som var ein del av tilværet for norske bygdefolk i fleire hundre år.

I gardsmusèet finn du:

  • Jakt- og fiskereidskap
  • Hesteutstyr og -reidskap
  • Handverksreidskap
  • Smieutstyr
  • Utstyr til hushaldning
  • Holkar og skrin
  • Møblar
  • Kister og rondar
  • Sølv og bunader
  • «Snurrepiperier»

mv.