Filmar

To nye filmar om Nord-Bondal!

I 2013 er det produsert to nye filmar om Nord-Bondal, og det er igjen Seaside Studio som har gjort jobben:

Historiske Suigard-Bondal – Øystein Bondal forteller om historien slik det engang var

video_stular

Suigard Bondal sine stular

video_historiske_sb

Filmen om Bondal bygdetun

Den eineståande samlinga av bruksting og anna frå fjellgrenda i Øvre Telemark er tilgjengeleg på DVD

dvd_cover_mid

På filmen leier Øystein Bondal oss gjennom samlinga og demonstrerer og fortel om mange av gjenstandane. Alt blir sett i sin rette sammanheng og Øysteins forteljemåte er som mange kjenner frå før, førsteklasses både i innhald, og ikkje minst når det gjeld språk/dialekt.

Utsyr til alt frå kvardagsslitet til fritid og fest blir presentert for Turid Nøkleby, Anne Hytta, Thor Tveiten og Øystein Aasen. som i roller som besøkande bidrar til å få fram kunnskap som for dei fleste er gløymt i dag.

Torkjell Sletta tar seg av presentasjonen av folkedrakter, sølv, kister og rosemåling.

På filmen er det også innslag med hardingfelemusikk. Anne Hytta frå nabobygda Sauland, spelar slåttar som er knytt til Bondal og Tuddal. 

Arbeidet med å lage ein film om dei store samlingane til Øystein Bondal (Suigard i Nord-Bondal) gjekk føre seg i det stille i ca 1,5 år, (2002-2003) Resultatet er ein film på over fire timar.

Nå vil nok dei færraste kome til å sjå denne filmen i sin fulle samanheng særleg ofte. Dette er rett og slett eit oppslagsverk. Filmen er inndelt i tema, og ein meny på starten, gjer at ein kan finne det temaet ein til kvar tid er interessert i.

Filmen er produsert av Seaside Studio, eit firma som har hatt fleire oppdrag i Tuddal både før og sidan.

Filmen er til salgs på musèet og kan bestillast derifrå,

Speletid: ca 4 timar – Pris: kr 300,-

Smaksprøver frå filmen:

_______________________________________________
Filmen er finansiert av:
Stiftelsen Bondal bygdetun, Lars Slaattun, Hjartdal historielag, Hjartdal mållag, Hjartdal kommune.